Eit sverdhogg i hjartet.

"Den norske ATEISTEN som fann GUD i India"
Avsnitt frå boka av Ivar Fjeld.


Det såg lenge ut som om denne kvelden skulle bli nett som alle dei andre haustkveldane. Oslo var dekt av regn og haustlauv. Kveldsmørkret hadde senka seg og det journalistiske arbeidet i Stortingert var over.

Opp frå veska mi kom det eit lite nytestamente, utgjeve av den romersk-katolske kyrkja. Før eg drog til flyplassen i Goa, hadde eg slåt på tråden til tobarnsmora.

- Eg veit at du har bedt for meg, og bønene dine verkar, kom det lett ironisk fra den norske ateisten.

- Åh, verkeleg? var svaret hennar.

- Hald fram med å be. Eg har kjøpt meg ein liten bibel. Eg skal freiste å finne tid til å lesa litt i den, var lovnaden eg gav henne.

Det dufta vaflar på MS Innvik. Dei siste to åra hadde eg budd på denne båten under mine opphald i Oslo, den same gamle ferja som gjekk som teaterbåt på Vestlandet på 1990-talet. I 2001 vart kulturbåten overteken av Nordic Black Teater og eiga­rane tok til å tilby både seng & frukost på kaien ved Bjørvika i Oslo.

Midt i kaffidrøsen vart eg mint om lovnaden den unge kvinna hadde gjeve meg: «lvar, - når du opnar Bibelen, så skal du få akkurat det ordet du treng». Eg drog på smilebåndet av det heile, og sa til meg sjølv:

- For ein spøk. Det er jo ikkje mogeleg. Kva veit denne kvinna om livet mitt?

- Så godt som ingenting.

Men for å kunne prove at ho tok feil, måtte eg jo ta imot utfordringa hennar. Eg tok Det nye testamentet i den eine handa og sa til meg sjølv: - Vel, Ivar, no får vi sjå.

Den vesle utgava av Bibelen var ikkje mange centimetrane brei. Eg let fingrane mine gli lett gjennom alle sidene. Så let eg fingeren stogge på måfå. Så opna eg sida og tok til å lesa der fingeren peika.

I neste sekund drog eg hovudet til meg i vantru. Eg vart lettare sjokkert. - Korleis i all verda er dette mogeleg?

Bibelen hadde snakka til meg. Korleis kunne denne boka slå meg i magen der det gjorde mest vondt? Linjene eg hadde lese, peikte på akkurat den sida i livet mitt som eg hadde gått og slite med den siste tida. Det var svaret på problema i dei gøymde tankane mine.

No var det kort og godt umogeleg å stogge og lesa. Eg var som ein tørr svamp i kontakt med vatn. Bibelen hadde tala til meg. Min gode ven i Goa hadde rett.

Det var mogeleg. Denne Jesus fra Nasaret var levande. Berre han kunne ha gjort dette, lese og avslørt mine inste tankar.

Eg gjekk attende til rommet mitt. For første gong på 24 år gjekk eg ned på kne og ba: «Jesus Kristus fra Nasaret. Eg har vore slik ein tosk. Du er levande!»

På ny vart eg mallaus. Nye og uvande tankar tak til å strøyme gjennom hovudet mitt.

- Jesus, - korleis kan du vera glad i ein slik kar som meg? Kvifor viser du meg makta di på denne måten? Tårene rann.

- Sjå på meg, eg har vore slik ein tulling. Eg fortalte andre menneske at du er den største kon­spirasjonen i verdssoga. Eg har ført mange bort fra deg.

Svaret eg fekk var ikkje til å misforstå: «Barnet mitt. Eg lever! Og eg er glad i deg. Ingenting av det du har gjort er så alvorleg i mine auge, at eg ikkje viI tilgje deg».

No var eg heilt utan munn og mæle. Men det var fleire meldingar på veg: «Fra i dag av skal du arbelde for meg.»
----------------------------------------------
Læs desuden: Ateistenes apostel.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det tredje opplaget av boka om “Ateisten som fann Gud i India” er klar for distribusjon og sal.

Om du ynskjer å kjøpe denne boka ta kontakt med:
Forfattar: Ivar Fjeld: ivarfjeld@yahoo.com
Eller: Forleggar: Margit Apelthun:margit@apelthun.no
Må Herren Jesus velsigne all som kjøper denne boka, og alle som les henne. Amen.